Velkomen til Sølvgarden Hotell & Feriesenter!

Sølvgarden ligg i idylliske Setesdal blant fossar og fjell. Her kan du slappe av i rolege omgjevnader, nyte flott natur, oppleve kultur og tradisjonar. Vi tilbyr lyse og moderne rom, appartementshytter, mindre campinghytter i tillegg til ein 5-stjerners campingplass.

Restauranten er open kvar dag, og serverer dagleg ein rikhaldig meny, frå det enkle til full à la carte meny. Vi legg stor vekt på mattradisjonar og serverer lokal mat som bl.a. rjomegraut, fjellaure og elgkarbonader.

På Sølvgarden kan du besøke Sylvsmia og sjå korleis handlaga bunadsylv vert til. I 2017 blei Sølvgarden og Sylvsmia tildela Olavsrosa for handlingsboren vidareføring av sylvsmedtradisjonen. I Sylvsmia vert det laga sylv til bruk på alle bunadane i Telemark, Agder og Setesdal.

Sølvgarden ligg midt i Setesdal med kort veg til attraksjonar og aktivitetar. På Rysstad finn du mange turløyper for fot-, fiske- og sykkelturar. Vi ligg ca. 2 timer frå Stavanger og Kristiansand, ca. 1 time frå Hovden og Evje, og 1,5 time til Lysefjorden og Telemark

Broomguiden-referanse: 100329459

Kontakt

Sted

  • Adresse Setesdalsvegen 3218
    4748 RYSSTAD
  • KommuneValle
  • FylkeAust-Agder
  • LandNorge