Opplevingar for einkvar smak!

  • Brevandring
  • Kajakk på Nordfjorden
  • Ribbåt på Nordfjorden

Kven er vi?
Vi er Briksdal Adventure AS, eit lite aktivitetselskap lokalisert i Olden, i enden av Nordfjorden.

Vi fokuserar på å bringe våre gjestar inn i den norske naturen. Vårt mål er å vise deg vegen, og å la deg lage dine minner for resten av livet. Vi fokuserar på å vere det motsatte av ekstremt. Vi ynskjer at du kan ta med heile familien og oppleve den norske naturen.

Lokal kafeteria
Svolten etter ein heil dag med opplevingar frå breen, fjorden og fjella? Kom innom Mølla Gjestehus i Olden!

Heilt nær Nordfjorden, kan du nyte måltidet ditt med ein fantastisk utsikt. Om det er fint vèr kan du ete ute, eller inne om vèret er ”norsk”. Vår kafè serverar lokal mat, laga av lokal kokk som lagar norsk mat. Menyen er spennande og vert endra alt etter kva type fisk som er fiska.

Kafèen er ei gamal mølle som er oppførd i 1920. Huset er no restaurert, men har fortsatt behalde det orginale mølleutstyret. Veggane er dekorert med lokal kunst, medan interiøret er bassert på motiv frå Nordfjord. Vi har Wifi, men du vil sannsynleg gløyme å bruke det, sidan du vil bli oppteken av å nyte utsikta av Nordfjorden.

Kom og sei hei, vil vil gjerne sjå deg.

Team building
Har du planar om å kome til området saman med dine kollegar og å gjere noko moro? Noko som gjer at de jobbar sama som eit lag på ein måte de ikkje har gjort før? Vi har mange års røynsle innan lagbygging for våre kundar.

Gjennom alle disse åra, har vi skapt og laga heilt perfekte arrangement. Vi kan lage arrangement for både små og veldig store grupper. Vårt største arrangement hadde 220 deltakarar.

Våre arrangement er flyttbare, dvs. vi kan halde dei der de ynskjer.

Ta kontakt, og vi vil levere!

Broomguiden-referanse: 100328892

Kontakt

Sted

  • Adresse
    6792 BRIKSDALSBRE
  • KommuneStryn
  • FylkeSogn og Fjordane
  • LandNorge