Bilbruket er ein merkenøytral bilverkstad på Voss. Me er tilknytta MECA og utfører service, reparasjonar og PKK på alle bilmerke.

Du finn oss i splitter nye lokale i Øvre Langhaugen 11, omlag 10km frå Voss Sentrum i retning Hardanger.

Har de leigebilar?
Ja, det har me - både store og små! Ta kontakt for prisar og tinging.

Kan eg levera bilen før opningstid?
Klart du kan! Me har nøkkelinnkast, og du kan parkera bilen så tidleg som dagen før.

Kan eg henta bilen etter stengetid?
Ja det kan du - men hugs å gje beskjed om det. Send oss gjerne ein epost før 15:30. Kundar utan avtalt kreditt kan ta oppgjeret over telefon.

Kva slag bilar reparerer de?
Bilbruket tilbyr service og reparasjonar på alle bilar med totalvekt inntil 7500kg. Me utfører EU-kontroll på alle køyretøy med totalvekt inntil 3500kg.

Me tilbyr ikkje kontroll eller reparasjon av MC, moped og traktor.

b

Broomguiden-referanse: 100330321

Kontakt

Sted

  • Adresse Øvre Langhaugen 11
    5709 VOSS
  • KommuneVoss
  • FylkeHordaland
  • LandNorge