EIT MØTE MED VESTLANDSK MATTRADISJON
– OMKRANSA AV FLOTT NATUR
Skal du reise rundt på Vestlandet? Gløym ikkje å leggje turen innom Åkrafjordtunet – eit unikt serverings- og overnattingssted i eventyrlege omgivnader.
Nyt eit fat med Norges beste spekemat mens du skuar utover det vakraste norsk natur har å by på. Me ynskjer deg hjerteleg velkomen til ei oppleving du seint vil gløyme!
Åkrafjordtunet opna dørene i mai 1999 i forbindelse med den store utbygginga av ny europaveg langs Åkrafjorden. Det var tidligere finansminister og stortingrepresentant Gunnar Berge som stod for den offiselle opninga.
Åkrafjordtunet starta som eit bygdeinitativ for å ta vare på lokale mattradisjonar og bidra til nye arbeidsplassar og tilflytting.
I 2011 blei butikken kåra til norges beste bygdebutikk av Merkur i regi av Regional og kommunaldepartementet.
Kontakt
- Telefon:53 77 14 80
- Nettside:Klikk her
Sted
-
Adresse
Åkrafjordvegen 1105
5596 Markhus - KommuneEtne
- FylkeHordaland
- LandNorge